Mellom travle handlarar på Sogningen storsenter står ein soldat og vaktar gryta si. Frelsesarmeen har starta si innsamling til jul, og pengane hamnar nærare enn du trur.
– Me samlar ikkje inn til oss sjølve, me samlar inn til dei som har det ekstra tøft. Dei som har litt mindre å rutta med enn gjennomsnittet, som kjenner at både dei ekstra utgiftene rundt jul og prisauken generelt blir ei ekstra belastning, seier Johanne Malene Tverberg i Frelsesarmeen Sogndal.
Ho administrerer den frivillige organisasjonen sitt arbeid med matlappar. Det er ordninga der dei som har det trått kan be om hjelp til å få handla mat til seg og familien.
– Folk veit kanskje om julegryta, men ikkje at det me samlar inn går til folk som treng litt hjelp til å få endane til å møtast, her i deira eige lokalområde.
Fleire ber om hjelp i landet
Sidan før pandemien har talet menneske som treng hjelp til å få pengane til å strekka til auka kraftig. I november 2020 svarte ni prosent at dei hadde bede vener, familie og organisasjonar om hjelp. I november 2022 var talet på 23 prosent. Mange har vore nøydde til å be om hjelp for fyrste gong.
Det viser ei undersøking Ipsos har gjennomført på vegner av Frelsesarmeen.
– I år ser me at summen av auke i matvareprisar, drivstoff og auka renter har gjort kvardagen meir krevjande for folk. Det gjeld i enda større grad for dei som har lite frå før, seier Tverberg.
Matlappane til Frelsesarmeen gir mottakaren ein sum som dei kan handla for på butikken. Ein kan ikkje kjøpa alkohol eller tobakk, og ein må visa kvittering etter handelen.
– Me tek høgde for at det kjem til å koma fleire som treng hjelp i Sogn. Me har ikkje merka veldig stor auke til no, men me førebur oss på at det kan koma fleire som treng hjelp no fram mot jul.
Terskelen for å be om hjelp
I oktober skreiv Sogn Avis ein artikkel med tips for trongare økonomiske tider. Mellom anna korleis du kan setja opp budjsett og andre tiltak du kan gjera for å disponera pengane dine.
NAV hjelper dei som av ulike grunnar står utanfor arbeidslivet, eller på andre måtar treng støtte til å klara seg. Dei kan du også ta kontakt med dersom du hamnar i ei økonomisk knipe for fyrste gong.
– Kva gjer ein dersom ein for første gong opplever at økonomien ikkje går rundt?
– Det er eit godt tips å ta kontakt med NAV-kontoret og få hjelp til å ta ein gjennomgang på økonomien. Om ein har behov for litt ekstra pengar for å få det til å gå rundt, kan ein søka om støtte frå oss, seier Sara Christine Johnsborg som er leiar for NAV region Sogn.
– Det gjeld også dersom du opplever at du er i ei akutt økonomisk krise. Ta kontakt med oss om du er i ein situasjon der du ikkje har råd til mat på bordet.
– Alle som treng det kan få hjelp
Tala frå Ipsos si undersøking syner at fleire vil bruka mindre på mat og gåver til jul i år enn dei har gjort før. Fleire stader i landet har køane til matutdeling dobla seg.
I Sogn har ein ikkje same system med utdeling av matposar. Matlappar er lettare fore dei å administrera, fortel Tverberg.
– Me er ein ganske liten organisasjon, med 15-20 frivillige. Matlappar er enklare for oss å organisera. Det er også fint for dei som tek imot, at dei kan bestemma litt sjølv kva dei vil handla.
Sjølv om dei ikkje har merka same pågangen i Sogn som ellers i landet, bur dei lokale frivillige i Frelsesarmeen seg på å ta i mot fleire henvendelsar framover. Dei som treng hjelp kan kontakta Frelsesarmeen lokalt.
– Det kan jo hende tilbodet vårt ikkje har vore synleg nok før. Me har tilbodet om matlappar heile året, men det er litt ekstra fokus på det no før jul.
– Kven kan be Frelsesarmeen om mat-støtte?
– Alle som har litt mindre å rutta med enn det gjerne skulle hatt kan be om hjelp. Spesielt i målgruppa vår er låginntektsfamiliar, dei som av ulike årsaker står utan arbeid, einslege og flyktningar. Men alle som treng det, kan ta kontakt med oss. Om me ikkje svarer med ein gong, må du berre prøva igjen.