NYE UTFORDRINGAR: Ulrik Fredriksen er klar for FK Haugesund. (Foto: Dag Aleksander Hultgren Olsen)

Fredriksen ferdig i Sogndal: - Me skulle gjerne hatt Ulrik med oss vidare

Ulrik Fredriksen (20) har skrive under for FK Haugesund.

Publisert 13.01.2020 kl. 16.47.

Det blei klart måndag. Han blir Haugesund-spelar ut sesongen 2023.


Fredriksen fekk sin Sogndal-debut mot nettop Haugesund i mai 2017. Bergensaren imponerte stort i den mållause kampen, der han gjekk rett inn i forsvaret og leverte ein tilnærma prikkfri kamp - fram til han blei utvist for hands på streken kvarteret før slutt. Etter kampen lova trenar Eirik Bakke at Fredriksen skulle få proffkontrakt med klubben. 


Sidan har det gått slag i slag for 20-åringen, som i haust spelte seg inn på U21-landslaget. Han har tidlegare spelt for U20, G19 og G18-landslaget.


Sogndal har i vinter forsterka midtforsvaret i form av ein ny utlånsavtale for Rosenborg-spelar Igoh Ogbu, medan dei har signert Axel Kryger frå Sandnes Ulf. Klubben har elles Stefan Anotnoijevic, Eirik Lereng og ikkje minst Ulrik sin veslebror, Jonas Tillung Fredriksen, i stallen. 


- Ulrik har vist god utvikling her hjå oss, både på klubb- og landslag. No var han moden for spel i Eliteserien,og det er kjekt at me kan selga enda ein spelar til landets øverste divisjon. Me skulle gjerne hatt Ulrik med oss her vidare, men tida var der no for å ta nye steg, seier trenar Eirik Bakke til Sogndal Fotball sine nettsider.