I 12-tida laurdag fekk Hovudredningssentralen melding om at to turgåarar har sett seg fast på fjellet Daurmålsnipa i Vik.
– Det dreiar seg om eit fransk ektepar. Det kan vera at den eine har skada seg litt, dei er skikkeleg utmatta, og det er godt med snøvér der oppe, fortel korpsleiar i Vik hjelpekorps, Knut Mykkeltvedt.
Fekk ikkje landa
Eit Seaking-helikopter blei kalla ut for å henta ut ekteparet, utan å lukkast.
– Det prøvde, men kom seg ikkje ned grunna skodde og uvér. Difor måtte dei returnera, og reiste vidare til Sogndal for å henta to personar frå spesialgruppa til Røde Kors. Planen er at dei skal prøva til att seinare, seier Mykkeltvedt.
Ekstramannskap
Helikopteret klarte ikkje heilt å lokalisera paret, og no er det sendt ut ein patrulje på sju personar til fots frå Vik, som skal prøva å finna fram til franskmennene.
– Det er óg kalla inn ekstramannskap frå Aurland, som me reknar med skal vera her i 16-16.30-tida. Viss véret lettar litt skal helikopteret prøva til att, seier Mykkeltvedt.