Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av jernbanen i Noreg. Ved Flåm stasjon går Bane NOR no i gong med tiltak for å gje plass til dei nye togsetta som Flåm Utvikling planlegg å skaffa seg.

– Infranord Norge AS er hovudentreprenør for arbeidet som mellom anna inneber flytting og justering av spor og sporvekslar, forklarar prosjektleiar Karl Morten Undal i Bane NOR i ei pressemelding frå verksemda.

Millimeterpresisjon

Det skal også byggjast nye røyrkryss for kablar og nye drivmaskinar for sporvekslane. Noko plattformarbeid blir det også i løpet av anleggsperioden.

– Reint anleggsteknisk er ikkje kvar einskild aktivitet særskild komplisert, men alt må gjerast med millimeterpresisjon, seier Undal, og viser til at sjølv små endringar på til dømes plasseringa av spor og sporvekslar får konsekvensar for alle andre anlegg som trengst for at toga skal kunne køyra inn og ut av Flåm stasjon utan problem.

Arbeidet er allereie i gang. Om alt går som planlagd skal arbeida vera avslutta sundag 6. februar, seier Undal og legg til at arbeida vil gå føre seg på dagtid og at aktivitetane venteleg ikkje vil innebera nemneverdig støy for dei som bur og ferdast i nærleiken av sentrum.

Mellombels endestasjon ved Lunden

– Medan anleggsarbeida går føre seg, vil det ikkje vera mogleg å køyra toga heilt ned til Flåm stasjon. I heile anleggsperioden vil difor Lunden haldeplass fungera som endestasjon for toga på Flåmsbana. Vy Vest vil syta for trygg transport av dei reisande med minibuss i begge retningar mellom Lunden og Flåm, forsikrar prosjektleiaren.

Han gjer samstundes merksam på at brakka ved Lunden haldeplass ikkje er eit venterom for reisande, men arbeidsbrakke for trafikkstyrarane som skal syte for trygg avvikling av togtrafikken til og frå den mellombelse endestasjonen.