Gå til sidens hovedinnhold

Framleis ventetid på desse vegane i dag

Mykje vegarbeid rundt om, dette er nokon av det som er kome ekstra på lista denne veka.

Du kan halde deg oppdatert på vegvesen.no

Rv. 5 Sogndalsdalen ved Dalavatnet

I trafikkmeldinga står det Sogndalsvatnet -Teigane, men for dei fleste vegfarande er det meir kjent som Dalavatnet. Her vert det jobba også på tysdag.

Der vert det manuell dirigering på grunn av vedlikehaldsarbeid måndag 14. juni og tysdag 15. juni frå 07:00 til 20:00.

Kan bli inntil 30 minutt ventetid. Utrykkingsbilar og rutegåande trafikk kan passere.

Rv. 5 Fjærlandstunnelen

Her blir det manuell dirigering på grunn av vedlikehaldsarbeid denne veka.

Det startar måndag 14. juni og varer til torsdag frå 08:00 til 18:00. Her må du venta på følgjebil.

Kolonnane blir tilpassa rutegåande trafikk.

Rv. 13 Hella – Hermansverk

Her kjem du deg forbi, men må senka farten til 50 km/t og innsnevring på grunn av vedlikehaldsarbeid i periodane: Måndag og tysdag frå 20:00 til 06:00 (neste dag).

Gjeld frå: 14.06.2021 kl. 20:00 til 16.06. kl. 06:00


Kommentarer til denne saken