Gå til sidens hovedinnhold

Framleis mykje vegarbeid, og litt venting

Vegarbeidet held fram i Midtre og Indre Sogn. Fleire stader må trafikantane bu seg på litt venting.

Her er ei oversikt frå Statens vegvesen over pågåande vegarbeid i regionen vår

E16: Flenjatunnelen – Onstadtunnelen

Manuell dirigering på grunn av vedlikehaldsarbeid i periodane: Tysdag til torsdag frå klokka 20.00 til 06.00 neste dag. Arbeidet er planlagt ferdig fredag morgon.

E16: Seltatunnelen – Borgundstunnelen

Ventetid på inntil 45 minuttar på grunn av vegarbeid i periodane: Alle dagar frå 20.00 til 06.00 (neste dag). Omkøyring via fylkesveg 630 med ledebil, maks høgde 4.4 meter og maks breidde 3 meter.

Riksveg 13: Målsetevatnet – Skjelingavatnet, på Vikafjellet

Ventetid på inntil 30 minuttar på grunn av asfaltarbeid i periodane: Måndag til torsdag frå 07.00 til 21.00. Utrykkingskøyretøy og rutegåande trafikk kan passera.

Riksveg 13: Storhaugtunnelen på strekninga Vinje – Vik

Kan bli stengd i periodar på inntil 30 minutta på grunn av vedlikehaldsarbeid i periodane: Måndag frå 11:00 til 19:00. Tysdag til torsdag frå 07:00 til 19:00. Utrykkingskøyretøy kan passera.

Riksveg 13: Hella – Leikanger

Kan bli stengd i periodar på inntil 15 minuttar på grunn av vegarbeid i periodane: Måndag til fredag frå 07.00 til 18:00.

Riksveg 13: Stedjebergtunnelen

Lysregulering på grunn av vegarbeid i periodane: Måndag til torsdag frå 07.00 til 19.00. Utrykkingskøyretøy og rutegåande trafikk kan passera. Ved skyting stengt inntil 15 minuttar. Maks bredde 3,5 meter.

Fylkesveg 5616: Valeberg- Fimreite

Kan bli stengd i periodar på inntil 30 minutt på grunn av dekklegging.

Fylkesveg 55: Mellom Mariføra og Stubshøltunnelen

Kan bli stengt i periodar på inntil 15 minutt måndag og tysdag på grunn av vedlikehaldsarbeid i periodane: Måndag frå 12.00 til 21.00. Tysdag frå 07.00 til 20:00. Vent på ledebil.

Fylkesveg 55 Fortun- Turtagrø

Stengd på grunn av vegarbeid i periodane: Måndag til torsdag frå 07.40 til 17.00. Utrykkingskøyretøy kan passera. Stengd frå Fortun første gong kl. 08:00. Opningstider frå Turtagrø (aust) kl. 13.40-14.40 / Opningstider frå Fortun (vest) kl. 14.00-15.00 Fri ferdsel frå Turtagrø kl. 16.40 og frå Fortun kl. 17.00. Fv5632 Øvre Årdal-Lom har fri ferdsel heile tida.

Fylkesveg 604: Strekningen Røneid – Høge bru:

Kan bli stengt i periodar på inntil 30 minuttar på grunn av vedlikehaldsarbeid i periodane: Måndag frå klokka 08.00 til 23.00. Tysdag frå 05:00 til 06:00 og frå 08:00 til 18:00. Utrykkingskøyretøy kan passera.

Fylkesveg 50: Hagatunnelen – Botnatunnelen

Stengd på grunn av vedlikehaldsarbeid i periodane: Måndag til onsdag frå 08.00 til 18.00. Torsdag frå 08.00 til 13.00. Utrykkingskøyretøy og rutegåande trafikk kan passera. Gjennomkøyring frå Aurlandssida klokka 11.00 og 15.00. Ledebil returnerer med kolonne frå motsett side med det same.

Fylkesveg 50: Geiteryggtunnelen

Stengd på grunn av vedlikehaldsarbeid i periodane: Alle dagar frå 22:00 til 06:00 (neste dag).

Kommentarer til denne saken