– Forskjellige aktørar ønska å setja opp skilt i området. I staden for at alle gjorde det kvar for seg på ulike plassar valde me å samla dei.
Det seier prosjektleiar i Vik kommune, Karen Weichert, som har leia arbeidet med å samordna dei ulike prosjekta no i sluttfasen. Samstundes fekk området attmed butikken i Framfjorden eit velkome løft.
Moderne design
Dei som no leitar etter informasjon om Stølsheimen landskapsvernområde, Eiterstrondi naturreservat eller bygda Framfjorden har fått det meste dei treng på éin plass.
Fredag møttest representantar frå både Vik kommune, Statsforvaltaren, Verdsarvparken, Fjorden Nærbutikk og lokalbefolkninga opp til offisiell opning i strålande vårvêr.
Varaordførar og Vik kommune sin representant i styret til Stølsheimen landskapsvernområde, Marta Sofie Vange, fekk æra av å klippa snora framfor tavlene, som er laga etter det nye designen for informasjon om landskapsvernområde.
Pynta på plassen
Området rundt tavlene, der ungdomslaget er grunneigar, er og monaleg oppgradert, ein har mellom anna fjerna kratt og grus og lagt kantstein.
Weichert er nøgd med resultatet. Bygdefolket har sjølv jobba med den nærliggjande leikeplassen. No ventar ho berre på at deler av området skal såast til.
– Tavlene er på plass og det ser fint ut rundt. Det har vore eit vinn-vinn-prosjekt. Alle er nøgde.