Frå onsdag er det eigne drosjer for korona-transport

8. april startar drosjenæringa med transport av pasientar med mistanke om eller stadfesta covid-19.

DEL

Transportørane vil få opplæring, og transporten vil skje på ein trygg måte, skriv Helse Førde i ei pressemelding.

Smittevernutstyr samt utlevering av smittevernutstyr blir sikra gjennom Helse Førde.

Til dette formålet er det inngått avtale om ei dedikert drosje i høvesvis Førde, Sogndal, Nordfjordeid og Aurland. Desse drosjane vil vera tilgjengelege frå måndag til søndag mellom klokka 08 og 18.

Drosjane er av typen ni- til 16-setar. Alle har glatte seter og overflater som skal vera enkle å reingjera. Desse drosjane skal i denne perioden ikkje nyttast til andre transport oppdrag.

Rekvirering gjennom AMK

Rekvirering av transport til pasientar med mistanke om eller stadfesta covid-19 skal skje gjennom AMK på telefon.

Det er AMK som skal ta vurderinga om dette er eit ambulanseoppdrag eller om oppdraget kan gjennomførast av dedikert drosje. Dei dedikerte drosjane kan ikkje ta på seg oppdrag der pasientar med mistanke om eller stadfesta smitte av covid-19 er avhengig av følgje, men ikkje sjølv kan skaffa slikt følgje.

Artikkeltags