For TV 2 og Amedia har inngått ein avtale som betyr at alle som abonnerer på Sogn Avis frå 2023-sesongen vil få tilgang til å sjå kampar frå OBOS-ligaen til 4. divisjon i herrefotballen, aldersbestemte landslag, og i tillegg det meste frå Noregsmeisterskapen. Avtalen inkluderer òg rettar til norsk handball og ishockey.

– Sjølv om Sogndal forhåpentlegvis ikkje spelar i OBOS-ligaen i 2023, så vil dette vera ein solid plaster på såret for oss om dei gjer det, seier redaktør Arve Uglum, som òg gler seg over sjansen til å senda kampar frå lokalfotballen i 3. og 4. divisjon.

– Å få vera med å løfta breiddefotballen er kjempespanande. Det har stått fram som utanfor vår rekkevidd å gjera, no er det ikkje det lenger, seier han.

Rosar samarbeidet

Det nye samarbeidet vart gjort offentleg torsdag. Førebels er ikkje detaljane kjende om korleis produksjonen av kampane vert, eller korleis det reint praktisk skal løysast. Så skal det òg nemnast at det enno er eitt år att til å planleggja.

– Dette skal me finna ut av, forsikrar Sogn Avis-redaktøren.

Konsernsjef Anders Opdahl i Amedia seier satsinga på Direktesport har blitt godt motteke av abonnentane.

– No ser me fram til å vidareutvikla produktet og brukaropplevinga saman med TV 2, seier Opdahl i ei pressemelding.

– Me i TV 2 har ein ambisjon om å skapa éi heimebane for norsk idrett, men dette kan ingen gjera åleine. No har me fått den beste partnaren me kan ønskje oss, seier sjefredaktør Olav T. Sandnes i TV 2.