Det nye fylkesvåpenet er no kome opp på veggen på Fylkeshuset på Hermansverk.Med vestlandsvåpenet på veggen og Sogn og Fjordane-flagget vaiande i vinden i flaggstonga attmed, er det på årets siste ordinære arbeidsdag påtakeleg at kontorfolket hjå fylkeskommunen og alle sogningar og fjordingar står føre eit paradigmeskifte.Når klokka slær 12 midnatt på nyårsaftan bur me ikkje lenger i Sogn og Fjordane fylke, men i Vestland.Nordre Bergenhus Amt vart oppretta 19. september 1763 ved deling av det gamle Bergenhus Amt, som er identisk med nye Vestland fylke. Namnet Sogn og Fjordane vart teke i bruk i 1919 då amta vart omdøypte til fylke.Sogn og Fjordane er med sine 110.000 innbyggjarar landets nest minste fylkeskommune, medan Vestland med sine 635.000 innbyggjarar vert landets nest største når regionreforma trer i kraft ved midnatt 1. januar 2020.