Gå til sidens hovedinnhold

Frå måndag er det obligatorisk med testing på grensa

Regjeringa innfører obligatorisk testing på grensa for personar som har opphalde seg i eit område med karanteneplikt.

Dette vil gjelda frå måndag 18. januar kl. 17.00.

– Norge har eit av dei strengaste systema for innreise og testing i Europa, og no strammar me inn ytterlegare for å avgrensa importsmitten. Personar som utan rimeleg grunn ikkje vil la seg testa kan straffast med bøter, og må bu i karantene på karantenehotell, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie i ei pressemelding.

I dag må personar som har opphalde seg i eit område med karanteneplikt testa seg for covid-19 så snart som mogleg og seinast 24 timar etter at dei har kome til Norge.

No vert dette altså endra til at testen skal gjennomførast ved grenseovergangen. Det inneber at personar ikkje lenger kan velja å gå forbi teststasjon på flyplass, hamner eller grenseovergangar på veg, og heller testa seg i heimkommunen.

Unntaka frå dagens krav om test blir vidareført. Følgjande personar er ikkje omfatta av krav om å testa seg ved grensestasjonen:

  • Barn under 12 år
  • Personar som ved godkjent laboratoriemetode kan dokumentera at dei i løpet av dei siste seks månadane har gjennomgått covid-19
  • Personar som er unnateke frå karanteneplikt etter § 6a
  • Personar som er unnateke frå karanteneplikt etter § 6b første og fjerde ledd
  • Yrkessjåførar av langtransport og togpersonell etter § 6b femte ledd
  • Personar som er strengt nødvendige for å kunne sikra forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjonar eller vareta befolkningas grunnleggjande behov, jf. § 6e, dersom det ikkje er praktisk mogleg å gjennomføra testing
  • Utlendingar som er nemnt i utlendingsforskrifta § 1–4 eller § 1-5, og som kan visa diplomat- eller tenestepass, eventuelt nasjonalt pass i kombinasjon med norsk ID-kort ferda ut av Utenriksdepartementet, eller i kombinasjon med Schengen-opphaldskort for ambassadepersonell, sideakkrediterte diplomatar og diplomatiske kurerer, jf. forskrift om innreiserestriksjonar for utlendingar av omsyn til folkehelsa § 3 bokstav f.

Kommentarer til denne saken