Gå til sidens hovedinnhold

Frå i dag er denne destinasjonen frå Sogn å finna på norske frimerke

Artikkelen er over 1 år gammel

Vindhellavegen i Lærdal kommune prydar no norske frimerke.

Det opplyser posten.

Eigentleg var postvegen frå Christiania til Bergen eit mislukka vegprosjekt. Men dei tronge kurvene på høge murar i bratt stigning har gjort Vindhellavegen berømt.

Etter at Postvesenet vart oppretta i Noreg i 1647, vart det etter kvart stilt krav til ein viss vegstandard. Posten brukte på den tida heile ni døger frå Bergen til Christiania: «Svært vanskelege Veie, Klippe og Dale at passere, hvor det ikke lod sig gjøre at ride, men hvor Postbønderne maate bære Postsekken på Ryggen», heitte det om vegen på denne strekninga midt på 1700-talet.

Andre reisande skreiv òg skremmelege skildringar av turen gjennom Galdane i Lærdal i Sogn, særleg vinterstid. Vegstykket vart rekna som «den vanskeligste Vej, som kan fiendes i noget Land», som biskop Pontoppidan sa i 1749.

Sidan kom det nye krav til betre vegstandard, og på slutten av 1700-talet starta arbeidet med å oppgradera vegen mellom Christiania og Bergen til køyreveg. Post- og varetransport hadde sjølvsagt auka, men det låg òg militære motiv bak ei slik storsatsing.

Arbeidet vart utført i åra 1790–93, og Kongevegen frå 1793 var den første køyrevegen mellom Aust- og Vestlandet. Men strekninga ved Vindhella i Lærdal var bygd bratt. Stiginga var på 1:4, og det kunne vere hardt for hest og kar å ta seg ned, særleg vinterstid.

I 1840-åra prøvde vegstyresmaktene å gjera noko med dette. Dei bygde ny hest- og kjerreveg på høge murar gjennom skaret, og dei la inn ein ekstra sving for å prøva å redusera stiginga. Vegen me kan gå på i dag, stammar frå 1843, men den gamle Kongevegen frå 1790-åra er framleis synleg mellom slyngane og utanfor traseen.

Dei tronge kurvene på høge murar i bratt stiging og dramatisk natur har gjort Vindhellavegen kjend i vide krinsar, og mange reknar han som Noregs vakraste vegkulturminne. Kongevegen vart tildelt Vakre vegars pris i 2014, og i 2017 vart han heidra med EU sin høgthengjande kulturminnepris, Europa Nostra. Vindhellavegen bidrog til det.

Og no har vegen fått plass på norske frimerke.

Designen er laga av Jørn O. Jøntvedt. Sverre Hjørnevik har teke bilete.

Frimerkeopplaget er på 70.000.

Kommentarer til denne saken