Til hausten kan studentar ta siviløkonomutdanning i Sogndal eller Haugesund.

Det vedtok høgskulestyret torsdag.

Bachelor frå før

Ved å oppretta studiet Master of Science in Business i Haugesund og Sogndal kan studentar no få grada siviløkonom på desse studiestadane, opplyser Høgskulen på Vestlandet i ei pressemelding.

For å starta på studiet må ein ha tatt ei bachelorgrad i økonomi og administrasjon frå før.

– Det nye studietilbodet er eit viktig tiltak i målet om å tilby masterutdanningar på alle campusar ved Høgskulen på Vestlandet, seier dekan Anne Isabelle Robbestad.

– Utdanninga gir også grunnlag for opptak til det nye doktorgradsprogrammet vårt innan « Responsible innovation and regional developement». Me håpar å auka rekrutteringa av studentar til Høgskulen på Vestlandet nasjonalt og internasjonalt, seier Robbestad.

To retningar

Studiet har to profilar – Marketing and Innovation og Regional economics and Innovation.

Studiet har eit særleg fokus på innovasjon og entreprenørskap, som er eit satsingsområde ved høgskulen, heiter det i pressemeldinga.

Retninga Marketing and Innovation vil bli undervist ved campus Sogndal, og vektlegg emne som: entreprenørskap i ein regional kontekst, innovasjonsleiing og bedriftsoppstart, entreprenørskap i praksis (praksisplass i gründerbedrift), marknadsføringsteori og praksis, forbrukaråtferd, innovasjonsteori og praksis.

By- og regionaløkonomi

Retninga Regional Economics and Innovation vil bli undervist frå campus Haugesund, og vektlegg emne som: transportøkonomi i eit regionalt utviklingsperspektiv, bustadmarknadsøkonomi, anvendt by- og regionaløkonomi, entreprenørskap i ein regional kontekst, entreprenørskap i praksis og innovasjonsteori og praksis.

Alle studentar skal ha praksis i ei gründerbedrift eller gründerprosjekt og tilbod om studieopphald i utlandet.

Det er planlagt opptak av 40 studentar kvart år, 20 studentar per profil, melder høgskulen