Frå fredag kan du reisa på felles ungdomsbillett i Vestland

Aldersgrensa vert utvida frå 19 til 20 år for ungdom i tidlegare Sogn og Fjordane.

DEL

Frå fredag 15. januar blir det felles ungdomsbillett for kollektivtrafikken som gjeld i heile Vestland fylke, i tråd med vedtak i fylkestinget i desember, heiter det i ei pressemelding frå Skyss.

I praksis tyder dette at Skyss ungdomsbillett blir gyldig i tidlegare Sogn og Fjordane, medan Kringom ungdomskort blir gyldig i tidlegare Hordaland. Prisen på ein 30 dagars ungdomsbillett blir 370 kroner, og går dermed ned frå 400 (Skyss) og 375 (Kringom).

Endringa vil også seie at ungdom i Sogn og Fjordane no kan laste ned appen Skyss Billett til mobilen og kjøpe ungdomsbilletten der om dei ønskjer det. Dette gjer det enklare å syne billetten ved billettkontroll kvar som helst i fylket.

Ungdomsbilletten kan nyttast av ungdom frå 16 til og med 20 år, og med den kan dei reise så mykje dei vil i 30 dagar på alle kollektive transportmiddel i heile Vestland, med unntak av private turistruter og langdistansetog.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken