Frå fem til tre papirutgåver i sommar: – Håpar endå fleire blir med oss på sognavis.no

FREKVENS: Eli Grotle, redaktør (konst.) og avdelingsleiar Eli Lunde Hjeltnes (t.h.), førebur seg på tre papirutgåver i veka i sommar, og håpar endå fleire vil bruka sognavis.no med ferske nyhende sju dagar i veka.

FREKVENS: Eli Grotle, redaktør (konst.) og avdelingsleiar Eli Lunde Hjeltnes (t.h.), førebur seg på tre papirutgåver i veka i sommar, og håpar endå fleire vil bruka sognavis.no med ferske nyhende sju dagar i veka. Foto:

Til liks med i fjor sommar kjem Sogn Avis til å gå ned på papirfrekvensen under ferieavviklinga.

DEL

– Det skjer frå og med 15. juni. Då blir det papiravis på tysdag, torsdag og laurdag, seier konstituert redaktør Eli Grotle.

At papirfrekvensen blir tatt ned på sommaren skuldast i hovudsak ein annonsemarknad i sommardvale og ferieavvikling.

– Me forstår godt at enkelte kan reagera på at det kjem færre aviser i postkassa, men me ut frå erfaringane me gjorde i fjor så var det også mange som nytta høvet til å bli digitale, seier Grotle.

Frå fem til sju dagar

Sogn Avis blir tradisjonen tru rekna som ei papiravis som kjem ut fem dagar for veka. Snakkar me om den digitale avisa, sognavis.no så snakkar me om ei avis som kjem ut sju dagar for veka.

– Der lever nyhende, reportasjar, sport og meiningar frå tidleg morgon til sein kveld, anten det er kvardag eller helg. Me har alltid fått høyra at folk saknar Sogn Avis på fredagane, men det treng du ikkje gjera no. Om det er måndag eller fredag, så er me der med siste nytt frå Sogn. Etter overgangen til Amedia og ei langt sprekare nettavis, høyrer eg fleire og fleire seia at dei ikkje lenger les papiravisa slik som før.

Bli digital

Allereie har dei aller fleste av Sogn Avis sine abonnentar blitt digitale ved å knyta seg opp med ein aID.

– Likevel har me framleis ein bra gjeng som vel å vera berre på papir av ulike grunnar, mange av dei kjem nok alltid til å halda seg berre til papiret. Så har me dei som trur dei er blitt digitale, men likevel les berre e-avisa. Altså papiravisa i digital utgåve. Som faktisk ikkje veit kva dei går glipp av saker fordi dei ikkje nyttar seg av abonnementet sitt fullt ut. Det synst eg faktisk er litt trist, fordi dei har betalt for så mykje meir.

No håpar redaktøren at endå fleire vil ta spranget over slik at dei dagleg kan få ta del i alt som kjem på sognavis.no.

Perioden med tre papiraviser for veka vil vara frå 15. juni til 23. august.

Artikkeltags