Karl Seglem får ofte høyra at det er mykje natur i musikken hans. Det passa difor bra at han fekk vera med å opna Førdefestivalen som i år har temaet «Musikk og natur». Førdefestivalen går inn i sitt 24 år, under årets festival skal fokuset vera spesielt retta mot naturen og musikken og samspelet mellom dei. Gler seg Karl Seglem stod på scena under festivalen sin opningskonsert torsdag kveld. Då Sogn Avis prata med han onsdag gav han uttrykk for at han gledde seg. – Eg har vore med på festivalen ein del år som musikar tidlegare, rundt tre-fire gonger, og eg synest det er kjekt å få koma igjen, sa han. «Trodl» Under konserten hadde han med seg Berit Opheim på vokal og felespelar Ottar Kåsa. – Me har laga eit spesielt verk til denne opningskonserten. Her vert det ei blanding av grafiske element, livespeling og sidan temaet er musikk og natur har eg vore i ute i naturen og teke opp lyd der. Låten som vil bli presentert under konserten har fått namnet «Trodl», sa han før konserten. Glad i naturen Seglem har eit sterkt forhold til årets tema, natur. – Eg er veldig glad i å vera ute i naturen, og er det ofte. Mange seier også at det er mykje natur i musikken min, og under konserten vil eg spela bukkehorn, som eg har spelt på i 15–20 år. Det er eit slags urinstrument, som lyder av natur og noko gamalt. – Ser verdien Han sette pris på å bli hyra inn til festivalen. – Det er ei ære, og det er kjekt å bli spurt og at dei vil bruke meg sidan eg er frå fylket. Eg føler dei då ser verdien i det eg gjer, og det er eg glad for, sa han. Om han skal koma med ei anbefaling frå festivalprogrammet til konserthungrige sogningar, har han eit tips; – Då trur eg at eg vil anbefala Majorstuen sitt bestillingsverk «Kvitre».