I helga heldt han og tidlegare lagkamerat på Tottenham Mark Falco fotballskule i Årdal for tredje gong. – Eg jobbar som gymlærar i eit distrikt i London, og skilnaden på forma til dei beste i Sogn og dei beste i London er stor, seier Brooke. Betre teknisk 40 spelarar frå Jotun, ÅTIL og Høyang deltok på den tre dagar lange fotballskulen, og engelskmennene er svært nøgde med nivået. – Spelarane her er mykje betre teknisk enn dei på same alder i London, meiner årdalsvennene, som gjerne kjem attende dersom sjansen byr seg. – Me har det alltid veldig flott i Årdal. Om det blir aktuelt med fotballskule neste år, så er me med, seier Brooke og Falco. Lærte mykje Årets fotballskule gjekk over tre dagar, der kvar deltakar fekk om lag tre timar trening kvar dag. – Me har gjort veldig mykje moro, seier Thea Moen Trollebø (11) og Alexander Bale Ese (10) og får støtte av kameratane Arve Myrland (11), Marius Breivik(10) og Selma Moen Eminovic (8). – Me har lært oss korleis me skal sentra og heada, og så har me lært oss lagspel, seier dei.
Rosar unge sogningar
Artikkelen er over 10 år gammel
Det er betre standard på den fysiske forma til barna i Sogn enn i London, meiner tidlegare Tottenham-spelar Gary Brooke.