BLIR I SOGNDAL: Igoh Ogbu blir i Sogndal også neste sesong. (Arkivfoto)

Forsvarsspelar har forlenga med Sogndal

Sogndal og Rosenborg er samde om ein ny utlånsavtale for forsvarsspelaren Igoh Ogbu (19).

Publisert 03.12.2019 kl. 14.35. Oppdatert kl. 17.18.

Det skriv Sogndal Fotball på si nettside tysdag.


Avtalen strekkjer seg ut sesongen 2020, og det er forhandla fram ein opsjon for framtidig kjøp om det skulle bli aktuelt.


Ogbu kom til Sogndal i sommar.


- Eg likar meg godt i Sogndal, og gler med til neste sesong, seier han.


Trenar Eirik Bakke er glad for å få forsvarsspelaren med vidare.


- Det er godt å få ei slik viktig brikke på plass. Me håpar og trur at han neste år vil ta nye steg og bli ein god sjef i forsvaret, seier Bakke.


Les meir om: Sport Sogndal Fotball