Førsteinntaket på vidaregåande er klart - Dei fleste får førstevalet

Førsteinntaket til vidaregåande skule 2020/ 2021 i Vestland er klart.

DEL

22.087 skuleelevar i fylket får i dag svar på søknaden sin om skuleplass til hausten. Tal frå fylkeskommunen viser at dei fleste elevane får førstevalet sitt ved inntak til vidaregåande skule i Vestland.

Så langt er 19.957 søkjarar tatt inn til vidaregåande opplæring i Vestland fylke. 16.818 av desse får tilbod om skuleplass etter førsteønsket sitt for både programområde og skule.

Auke i yrkesfag

Vestland fylkeskommune ser ein auke i søking til yrkesfag for skuleåret 2020/ 2021. For eit år sidan hadde tidlegare Sogn og Fjordane og Hordaland til saman 9.589 søkjarar til yrkesfaglege tilbod. I år har talet stige til 9.813 søkjarar. Av desse har så langt 8.587 fått plass.

Tilsvarande var det i fjor 12.439 som søkte studieførebuande. I år er talet 12.274, altså noko nedgang for studieførebuande utdanningsprogram.

Til saman 22.087 ungdommar har søkt om skuleplass i Vestland til skuleåret 2020/2021. 20.769 av søkjarane er mellom 15-24 år og har ungdomsrett.

1 023 ledige skuleplassar

Etter førsteinntaket er det 1.090 søkjarar med ungdomsrett som ikkje har fått tilbod om skuleplass. Årsaka er at søkjarane ikkje har hatt det som no er dei ledige tilboda som eit av sine val når dei søkte. Det er no 1.023 ledige skuleplassar i fylket. Søkjarar med ungdomsrett som ikkje har fått tilbod om skuleplass vil få tilbod i dei seinare inntaka, eller etter at skulane tek over inntaket. Alle søkjarar utan ungdomsrett står på venteliste og kan bli tekne inn til ledige plassar etter at skulane har teke over inntaket.

Elevane kan no sjå om dei har fått skuleplass på nettstaden vigo.no. Svarfristen på om dei tek plassen er onsdag 22. juli.


Tidsplan for inntaket til vidaregåande skule i Vestland


8. juli

Tilbod blir gitt på Vigo.no om første inntak

22. juli

Svarfrist, første inntak

29. juli

Melding om andre inntak

5. august

Svarfrist, andre inntak

10. august

Tredje inntak

17. august

Svarfrist, tredje inntak

Artikkeltags