Gå til sidens hovedinnhold

Første måndag utan avisa på papir – vel rett app

Måndag 19. april er det mange som ikkje får opp e-avisa i Sogn Avis-appen.

Det same vil dei nok merka på onsdag 21. april. Og årsaka er enkel: Dette er første veka der Sogn Avis kjem ut på papir berre tre dagar i veka. Frå no av kjem avisa ut tysdag, torsdag og laurdag.

Dersom du nyttar appen som heiter Sogn Avis e-avis, så vil der ikkje vera noko avis å lesa på måndagar og onsdagar lenger. Det du må gjera då er å nytta nyhendeappen som heiter Sogn Avis.

Dersom du ikkje les nyhende på telefon eller nettbrett, så kan du gå via nettet på datamaskina di på www.sognavis.no. Lukke til!

Les også

Sogn Avis går frå fem til tre papiraviser i veka

Les også

Johan (78) prøver nettavisa: – Det er ikkje vanskelegare for meg enn for andre

Kommentarer til denne saken