Første koronadødsfall i Helse Vest

Haukeland sjukehus i Bergen informerte om dødsfallet tysdag morgon.

DEL

BA skriv at sjukehuset opplyser at det var ein eldre pasient som døydde av koronaviruset.

Av personvernomsyn kan dei ikkje gje meir informasjon om den døde på noverande tidspunkt.

Helse Bergen grupperer aldersgrupper på pasientar med korona som får intensivbehandling slik: Barn (0-17), vaksen (18-64 år) og eldre (65+).

Måndag var tolv personar innlagde på Haukeland universitetssjukehus med diagnosen covid-19.

To av desse fekk intensivbehandling melder helseføretaket. Begge skal vera i gruppa over 65 år.

Artikkeltags