Første fly frå Sogndal til Oslo onsdag morgon er innstilt

Ruteflyet kom seg ikkje til Sandane eller Sogndal tysdag kveld.

DEL

På grunn av vêret, kom ikkje flyet frå Oslo seg til Sandane og Sogndal tysdag kveld. Dermed er første avgang, som skulle gått frå Sogndal til Oslo klokka 07.05 innstilt.

- Flyet står no i Florø og må fly til Oslo før det kjem tilbake, då det er same flyet som går i rute. Difor blir det litt seint når det kjem attende til Sogndal, forklarar Thea Meisingset i Sogndal lufthamn.

Neste avgang frå Sogndal til hovudstaden er flyet som går via Sandane. Her er det berekna avgang klokka 10.45.

Meisingset seier elles at flytrafikken ser grei ut.

Artikkeltags