Gå til sidens hovedinnhold

Først snø i fjellet, så skal det bøtta ned

Onsdag kveld kryp snøgrensa nedover, og dei som skal ut å køyra bør halda seg oppdatert på forholda.

Utover i veka dukkar dei gule farevarsla opp som paddehattar på Yr sitt vêrvarsel.

Onsdag kveld er det venta snø over 500 meter i fjellet, før nedbøren i løpet av kvelden og torsdagsnatta går over til regn til opp mot 1600 moh.

Torsdag blir ein våt dag. Det er sendt ut farevarsel om store nedbørsmengder og jordskredfare. Frå torsdag morgon til torsdag kveld er det Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal som får det verst.

– Lokalt kan det komme 40 til 70 millimeter på 12 timar, varslar Meteorologisk institutt.

Kommentarer til denne saken