Forskarar tilrår redningsrom i tunnelar

Av

Å byggja redningsrom i tunnelar er noko av det viktigaste ein kan gjera for å auka tryggleiken under ein tunnelbrann, meiner forskarar.

DEL

Tilrådinga byggjer på forsøk forskarar ved Sintef har gjort med teknologi som simulerer tunnelbrann på ein svært realistisk måte, fortel Gemini.no.

Ved hjelp av virtual reality har 44 personar vore med i forsøk der dei blei «sende inn i ein brann» med ulike romdesign. Forskarane er godt nøgde med resultatet. Ifylgje nettstaden fann alle forsøkspersonane fram til redningsrommet trass tjukk røyk og dårleg sikt. Berre tre personar som måtte kasta inn handkledet på grunn av kvalme og ingen fekk panikk eller blei aggressive.

– Dette er godt nytt. Sjølv med 20 personar i eit trongt rom, opplevde folk romma som trygge også over tid, seier Sintef-forskar Gunnar Jenssen.

Eit EU-direktiv forbyr i dag redningsrom i tunnelar utan direkte utgang til det fri. Men Jenssen meiner det har skjedd mykje sidan desse reglane kom, og at forskinga deira viser at redningsromma har ein svært positiv effekt.

Han seier at det er eit tiltak som ein lett kan få på plass i utsette tunnelar til ein overkommeleg pris. Forskinga til Sintef på tiltak ved tunnelbrannar er gjort på oppdrag frå Statens vegvesen, som for tre år sidan sette i gang eit forskings- og utgreiingsarbeid arbeid for å gjera norsk tunnelar tryggare.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken