Norske elvar må vernast betre.
– Kvifor tillèt ein effektkøyring frå kraftverk med utløp i elvar når Noreg har i bøtter og spann av kraftverk med utløp i sjø, spør NTNU-forskar Jo Hallvard Halleraker i ei sak på Gemini.no.
No viser ein studie av norsk kraftproduksjon, utført ved NTNU, at langt fleire elvar er utsette for miljøkonsekvensane av såkalla effektkøyring enn ein tidlegare hadde trudd. Variasjonar i kraftetterspurnaden og i kraftprisane gjer at kraftverka varierer produksjonen. Dermed varierer også mengda vatn som blir sloppe ut i elvane nedanfor kraftverka.
Konsekvensen er at driftsmønsteret blir prega av brå endringar i vassføringa. Det er stor variasjon i intensiteten av effektkøyring.
Studien viser òg at problemet med brå endringar i vasstand i elvane på grunn av effektkøyring også er utbreidd i mange småkraftverk.
Halleraker meiner det er nødvendig å løyse dilemmaet mellom behovet for nok kraft til rett tid og behovet for miljøtilpassingar for å sikre ei berekraftig fornybarnæring. Dette må avvegast i dei kommande revisjonssakene på linje med liknande prosessar i Europa. Han fryktar at norsk vasskraft risikerer å bli stempla som mindre berekraftig i EU-samanheng om vi ikkje tenkjer nytt.
– Også fornybar rein vasskraft treng miljøtilpassingar for at vi kan omtale ho som berekraftig. Dette er konkretisert i EU-taxonomien og vist til i den norske lova om dette som vart vedteken rett før jul, seier Halleraker.
(©NPK)