FIRDA: Elektriske sjøfly er eitt av fleire alternativ som blir presenterte i ein fersk rapport utarbeidd av Transportøkonomisk Institutt (TØI), skriv NRK.
I rapporten slår forskarane fast at planane kan la seg realisera og at flyruta kan få stor regionalspolitisk betydning for heile fylket. Håpet er at næringsliv og sjukehusa vil kunna nytta flyruta.
Men skal prosjektet realiserast, er ein avhengig av statsstøtte, at ruta legg til rette for dagpendling, at det blir mange avgangar og at billettane er rimeleg prisa.

El-fly kan vera realiteten i Distrikts-Noreg om få år
– I 2030 håper eg du kan fly direkte frå Bergen sentrum til Førde sentrum, seier Eric Lithun, IT-investor og gründer i Elfly-gruppa til NRK.
Selskapet hans held no på å bygga sin tredje prototyp, som er eit 15 meter langt fly, med eit vengespenn på 21 meter. Flyet vil kunna ta ni passasjerar.
Utviklinga av flyet kan koma til å kosta opp mot to milliardar kroner, og planen er at flyet skal vera ferdig bygd i 2025, med ein testperiode på ytterlegare fem år.

Kom med sjøfly til skihelg i Sogn: – Lidenskapen er randonee og sjøfly
Ifølge Lithun vil eit elfly kunne ta passasjerar frå Førde sentrum til Bergen sentrum på 40 minutt, inkludert køyring frå landingsplass tur-retur sentrum. Det betyr at reisetida mellom dei to byane blir halvert.
Flyet skal også vera sjødyktig, i tillegg til å kunna landa på rullebane.
– Dette vil bli båtskrog og fly som først og fremst blir laga for å vera sjødyktig. Det vil bli ekstremt godt eigna for å landa og ta av på sjøen, seier han til NRK.