Det skriv Voss herad i ei pressemelding.
Tiltaka kjem i tillegg til alle nasjonale råd og retningsliner.
Desse er tiltaka:
• Heimekontor skal nyttast når dette er mogleg. Arbeidsgjevar er ansvarleg for å vurdera om det er mogleg å utføra arbeidet ved heimekontor
• Bruk munnbind på reise, butikk og andre stader der det ikkje er mogleg å halda ein meter avstand til andre
• Alle sjukeheimar er stengt for besøk
Digital heimeundervisning for ungdomstrinnet ved Granvin barne- og ungdomsskule og Voss ungdomsskule held også fram til og med onsdag 25. november.
– Voss herad vil vurdera om me skal forlengja tiltaka ytterlegare onsdag føremiddag, skriv dei i ei pressemelding.
Måndag midt på dag kom det fram at det er registrert eitt nytt tilfelle koronasmitte i kommunen. Voss herad har spora smitta, og vedkomande har ingen andre nærkontaktar enn hustandsmedlemar.