Føreslår å freda attreist hytte: – Har nasjonal kulturminneverdi

FREDING: Wittgenstein-huset i Luster er føreslått freda. Her frå opninga sommaren 2019.

FREDING: Wittgenstein-huset i Luster er føreslått freda. Her frå opninga sommaren 2019. Foto:

No kan alle berørte partar uttala seg om fredingsframlegget for Wittgensteinshytta.

DEL

Fredingsforslaget omfattar sjølve huset, stien frå Eidsvatnet til huset og eit område rundt for å bevara verknaden av kulturminna i omgjevnadane. Ludwig Wittgenstein var ein av dei store europeiske filosofane på 1900-talet. Han skreiv delar av verka sine då han oppheldt seg i Skjolden, skriv Vestland fylkeskommune i ei pressemelding.

Nasjonal kulturminneverdi

– Me meiner Ludvig Wittgenstein si attreiste hytte og samanhengen med landskapet har nasjonal kulturminneverdi. Me sender difor fredingsforslaget på høyring slik at alle berørte partar får moglegheit til å uttala seg om forslaget, seier Per Morten Ekerhovd, fylkesdirektør for kultur, idrett og inkludering.

Når høyringsfristen er ute, vert saka sendt til Luster kommune for behandling i kommunestyret. Deretter skal fylkeskommunen utarbeida eit endeleg fredingsforslag til Riksantikvaren, som avgjer om eigedomen skal fredast eller ikkje.

Del av den europeiske kulturhistoria

Føremålet med fredinga er å ta vare på Ludwig Wittgenstein sitt hus, som eit bygningshistorisk og kulturhistorisk viktig døme på Wittgenstein sin bustad og arbeidsplass. Her skreiv han delar av Filosofiske undersøkelser, eitt av hovudverka i den europeiske filosofien i det 20. hundreåret. Huset i Skjolden er eit døme på ein av stadane der Wittgenstein trekte seg tilbake frå det akademiske miljøet i Cambrigde for å få ro til å skrive ned tankane sine om logikken.

– Kontrasten mellom oppveksten i Wien, arbeidet i Cambridge og livet på ei fjellhylle inst i Luster var stor. Men når me veit at tida i Skjolden var avgjerande for arbeidet hans, vert dette enkle kulturminnet også del av den europeiske kulturhistoria, seier Ekerhovd.

Fredinga skal sikra dei kulturhistoriske og bygningshistoriske verdiane i heilskapen mellom bygningen, stien og tomta.

Artikkeltags