Foreldra meiner barn ikkje bør vera på sosiale medium - men hjelper dei å laga brukar

SKEPTISKE: Foreldre til barn i alderen seks til ni år er mest skeptiske. Her meiner nesten ni av ti foreldre at barn ikkje er modne nok til å vera aktive i sosiale medium før dei fyller 13 år.

SKEPTISKE: Foreldre til barn i alderen seks til ni år er mest skeptiske. Her meiner nesten ni av ti foreldre at barn ikkje er modne nok til å vera aktive i sosiale medium før dei fyller 13 år. Foto:

Barn bør ikkje vera på sosiale medium. Det meiner 7 av 10 foreldre.

DEL

Dei får støtte av eit fleirtal av lærarar i grunnskulen.

– At det er så mange som meiner at barn under 13 år ikkje er modne nok men likevel gjev dei tilgang, viser kor store forventningar og press det er på å ha "dei rette appane", seier fagleg leiar i Barnevakten, Kjellaug Tonheim Tønnesen, i ei pressemelding.

Gir ungane lov

– Det er viktig for foreldre at barn opplev tilhøyrsel og blir rekna med i vennegjengen. Mykje av samspelet mellom barn skjer i sosiale medium, og dei som ikkje tek del i sosialiseringa der, opplev utanforskap, seier Tønnesen.

Sjølv om eit fleirtal av norske foreldre svarar at dei er negative til at barn i barneskulealder brukar sosiale medium, har mange foreldre likevel gjeve barna sine lov til å bruka sosiale appar som til dømes Snapchat, Tik Tok og Instagram.

40 prosent av barn mellom seks og ni år brukar sosiale medium. I alderen 9 til 13 år har 81 prosent av foreldra gitt barna tilgang til sosiale medium. Tala kjem fram i ei undersøking gjort av NLA Høgskulen på vegner av Barnevakten.

– Ikkje modne nok

– Barn i barneskulealder kan ha stor glede og nytte av å sosialisera seg i artige chatteappar med vener og familie, og dela bilete og morosame videoar med kvarandre. Men me oppfattar at fleirtalet av foreldre i undersøkinga oppfattar at dei fleste barn ikkje er modne nok til å surfa fritt i ein vaksen digital verd på sosiale medium. Det lyt me ta på alvor, seier Tønnesen.

Men 39 prosent av foreldra i undersøkinga seier at barnet deira har stor glede av å vera på sosiale media, og erfarer at barnet er flink til å vurdera kva som kan leggjast ut og kva som ikkje bør leggjast ut. 41 prosent har tillit at barna ikkje gjer "dumme ting" på sosiale medium. Likevel er det ein stor del av foreldra som fryktar for at barnet kjem i kontakt med personar som ikkje er til å stola på, eller blir utsette på kroppspress eller seksualisert innhald.

Lyg på alder

For at barn under 13 år skal ja tilgang til sosiale medium lyt dei gje opp at dei er eldre enn dei er og registrera som over 13 år. Det er i dag inga moglegheit for foreldre å gje samtykke og at barn kan bli registrerte med ein lågare alder.

56 prosent av foreldra svarar at dei er ueinige i påstanden at "barn under 13 år bør få vera på sosiale medium viss foreldra godkjenner det". 69 prosent av lærarar er ueinige i påstanden.

Artikkeltags