Førarkortet kan ryka – fekk fire prikkar kvar

DEL

Politiet i Sogndal hadde saman med UP laserkontroll i 60 sone på Hermansverk seint laurdag kveld og natt til søndag.

To førarar fekk forenkla førelegg på kr 3.800 kroner. Høgste fart vart målt til 75 km/t. Det er noko som normalt gjev to prikkar på førarkortet. Men ettersom dei hadde prøveperiode på førarkortet, fekk dei fire prikkar kvar.

Får ein meir enn sju prikkar i løpet av tre år mistar ein førarkortet.

Fredag kveld var det laserkontroll i 70- sona på Hafslo, men ingen bøter vart skrive ut i den kontrollen.

Artikkeltags