Gå til sidens hovedinnhold

Førar til sjukehus i luftambulanse etter ulukke

Klokka 21:00 melde politiet om ei trafikkulukke ved Høyheimsvik i Luster. Ein bil og ein person var involvert.

– Ukjent skadeomfang på førar. Naudetatar på veg til staden, skreiv politiet på Twitter.

Førar vart først sett til av lege og ambulansepersonell på staden, før han vart køyrt med ambulanse til Gaupne, der luftambulansen overtok.

– Førar er flogen til Førde sjukehus. Ingen detaljar om skadeomfang, skriv politiet klokka 22:09.

Politiet har no avslutta på staden. Vegen er open.

Kommentarer til denne saken