Gå til sidens hovedinnhold

Førar stoppa i 106 km/t, men ein annan vart fotgjengar

Søndag ettermiddag hadde Sogndal lensmannskontor laserkontroll i Sogndalsdalen. Femten fekk bøter, høgste fart vart måla til 106 km/t.

Ein førar vart politimeld og fekk førarkortet kverrsett.

– Fører hadde seks prikkar på førarkortet frå før, og fekk to nye i kveld, skriv fagleiar og innsatsleiar Svein Inge Harberg i ein e-post søndag kveld.

Får du fleire enn sju prikkar mistar du lappen.

Kommentarer til denne saken