Førar prøvde å snika seg forbi kontroll- blei meld til politiet

Statens vegvesen heldt kontroll på Håbakken fredag.

DEL

Ein førar svinga ikkje inn til kontroll på Håbakken slik han pliktar å gjera. I kontrollrapporten til Statens vegvesen går det fram at føraren blir meldt til politiet for dette.

Det var 139 køyretøy inne på kontrollplassen og sju kontrollerte køyretøy.

Statens vegvesen opplyser at tre køyretøy hadde tekniske manglar, to av desse hadde feil på bremsene.

Ein førar hadde ikkje smurt svingskiva på trekkvogna og fekk bruksforbod til dette var gjort.

Ein førar fekk gebyr fordi han ikkje hadde med seg nok kjettingar og det blei også delt ut gebyr for manglande vognkort, viser kontrollrapporten.

Artikkeltags