
For hundre år sidan fekk fattige lov å stemma ved val
Den 17. juli 1919 fjerna Stortinget avgjerda som tok ifrå dei som tok i mot fattighjelp retten til å stemma.
100-årsjubileet markerast i dag.
Frå 1898
Då allmenn stemmerett for menn vart innført i 1898 inkluderte dette ikkje dei som tok i mot fattighjelp.
Då kvinner fekk stemmerett på lik linje med menn i 1913 vart framleis ikkje dei som tok i mot stønaden inkluderte.
Mange ramma
- På det meste, ved stortingsvalet i 1915, var 623 menneske i Sogn og Fjordane unnateke stemmerett fordi dei hadde teke i mot fattighjelp, seier stortingspresident Tone W. Trøen.
Det kom protestar både frå arbeidarklassen sjølv og frå menneske som på nært hald såg korleis dette slo ut i lokalsamfunna og kor vanskeleg det var å handtera.
Urettferdig
- I løpet av dei 20 åra med ekskludering av fattige, ramma den urettferdig og mange fleire enn det den i utgangspunktet var tenkt å ramma, seier Trøen.
På landsbasis var to av tre av dei som vart ramma kvinner.
- Mange av dei det gjaldt var enkjer og åleinemødrer som sleit med å få endane til å møtast og måtte ha hjelp frå det offentlege.
Samstemd Storting
Den 17. juli 1919, etter fleire rundar med lemping av paragrafen, vedtok eit samstemd Storting å fjerna vedtaket i Grunnlova som tok frå fattige retten til å stemma.
Stortinget feirar 100-årsjubileet med mange arrangement gjennom heile året. Onsdag 17. juli skal jubileet feirast på Eidsvolls plass, framfor Stortinget.