Folkehelseinstituttet: – Me går no inn i ei ny fase av epidemien

Tysdag kveld har til saman 277 personar testa positivt på koronavirus i Noreg. Men tal smitta auka fort.

DEL

Folkehelseinstituttet melder at dei fleste personane anten er smitta i utlandet, eller er i nærkontakt til desse. Men for åtte tilfelle av smitta i Noreg, er eksponeringa under avklaring. For tre personar er ikkje smittestaden avklara enno.

– Me går no inn i ei ny fase av epidemien. Me ser at dei som rapportert smitta, framleis er relatert til reiser. Men det er samstundes eit aukande tal smitta der me ikkje har funne smittekjeda. Det betyr at me no er i byrjinga av den fasen der me ser smitte i befolkninga som me ikkje kan følgje, og det er naudsynt med nye tiltak. I tillegg til god handhygiene og gode hostevanar, anbefaler me no kontaktreduserande tiltak som auka bruk av heimekontor og fleksitid, samt å avlysa store arrangement der mange samlast tett, skriv avdelingsdirektør Line Vold ved Folkehelseinstituttet.

Tal smitta per fylke

Troms og Finnmark: 6

Oslo: 51

Viken: 86

Vestland: 31

Agder: 19

Trøndelag: 22

Rogaland: 33

Innlandet: 16

Møre og Romsdal: 5

Vestfold og Telemark: 5

Nordland: 3

Artikkeltags