KRAV: Turid Stigen Sørensen frå flyktnigetenesta i Lærdal orienterte politikarane om ordninga med gratis køyreopplæring for flyktningar.

Flyktningar får gratis køyreopplæring i Lærdal

Formannskapet i Lærdal kommune har vedteke at flyktningar, busett gjennom avtale med Integrerings- og mangfoldsdirektoratet, skal få dekka 75 prosent av utgifter til køyreopplæring til førarkort klasse B.

Publisert 06.12.2018 kl. 19.07. Oppdatert kl. 21.20.

Førarkortopplæringa må gjennomførast i integreringsperioden på fem år etter busetting.


Einslege forsytarar skal få dekka 100 prosent av utgiftene til køyreopplæring i integreringsperioden.


Vilkår

Turid Stigen Sørensen, fagleiar for flyktningtenesta i Lærdal og Aurland, som opplyste om saka i formannskapet torsdag, sa det burde stillast vilkår knytt til ordninga.


- Men dette kan vera eit godt virkemiddel for å få dei til å bu i lærdal, pendla ut av kommunen, få arbeid og bli aktive på ein sosial arena, sa Sørensen.


Støy

Annike Vanberg, SV, sa i debatten at det som undra ho, var ikkje at det var ulike meiningar om ordninga.


- Men eg er skuffa over måten folk diskuterer på, ja eg er eigentleg sjokkert over måten einskilde uttalar seg, eg vonar me slepp det i framtida når det kjem forslag som er godt meint.


Vanberg la til at dei som trur at politikarane no skulle gjera det lettvint for flyktningar som ynskjer førarkort,  kan ta seg tid til å lesa desse dokumenta. Lærdal kommune har som ansvar å ta imot flyktingar og integrera dei.


Meir i papiravisa laurdag.


Les meir om: Nyhende Lærdal Politikk

Siste saker Gå til framsida