FREDRIK FLO: Spelar for Stora neste sesong. (arkivfoto)

Flo er klar for ny klubb

Fredrik Flo får nye utfordringar i ny posisjon den kommande sesongen.

Publisert 21.03.2019 kl. 07.24. Oppdatert kl. 07.42.

- Sogndal Fotball og Sotra SK er samde om ein overgang for Fredrik Flo, opplyser klubben på sine nettsider.

- Eg har fått eit veldig godt inntrykk av Sotra hittil. Det er ein fin og inkluderande gjeng som har teke meg veldig godt imot, seier 22-åringen.

Sotra spelte i 3.divisjon i fjor og rykka opp. Dermed er det duka for eit tøft år for å overleva i andredivisjon, men Flo seier han er klar for utfordringa i ny posisjon.


Ny posisjon

- Eg blir prøvd ut i ein ny posisjon no som midtstoppar, så mitt personlege mål no er å tilpassa meg den posisjonen på best mogleg måte, og etter kvart når eg er klar for det, spela meg til ein fast plass på laget.

Fredrik Flo fekk kontrakt med Sogndal sitt a-lag i 2015, men har vore på utlån til Bryne i 2017 og Fana i 2018.