Følgjer ikkje rådet frå hamnevesenet - kjøper nytt mobilt toalett

Publisert 09.06.2019 kl. 15.17.

Det vert ikkje noko permanent toalettanelegg ved badestronda i Flåm, i alle fall ikkje i denne omgangen. Det skriv bladet Aurlendingen.

Då toalettet brann opp i vinter, tok hamnevesenet til orde for at det burde byggjast opp att eit nytt og permanent toalettanlegg på staden. Dei sa seg også villige til å bidra finansielt til eit slikt anlegg. Aurland kommune har valt å ikkje følgja dette sporet.

- Det er med bakgrunn i kostnader og tidsaspekt knytt til å byggja opp eit permanent anlegg. Eit slikt ville fort kosta rundt ein million kroner, seier Steve Elgåen i Aurland kommune til bladet. Det er no sett av 370.000 kroner til innkjøp av ein nytt mobilt toalett.


Les meir om: Nyhende Notis Aurland