Gå til sidens hovedinnhold

Flenjatunnelen var stengt

Artikkelen er over 1 år gammel

Siste: Vogntoget er flytta lenger ned mot Flåm og er ikkje til hinder for trafikken. Trafikken går dermed som normalt.

Klokka 12.55 måndag melde Vegtrafikksentralen at Flenjatunnelen på E16 i Aurland kommune var stengt på grunn av bilberging.

Eit vogntog hadde mista ein aksling i tunnelen.

Det er ikkje moglegheit for omkøyring og brannvesenet dirigerte ei stund trafikken på staden.

Klokka 13.52 melder Vegtrafikksentralen at vogntoget er flytta og at trafikken kan gå som normalt.

Kommentarer til denne saken