Eit utanlandsk vogntog stoppar trafikken ved Flenjatunnelen på E16 i Aurland.

Flenjatunnelen opna for normal trafikk igjen

Flenjatunnelen har opna for normal trafikk igjen etter at eit utanlandsk vogntog stoppa trafikken ved Flenjatunnelen på E16 i Aurland.

Publisert 21.02.2019 kl. 07.08. Oppdatert kl. 07.33.

Statens vegvesen melde på Twitter klokka 06.30 torsdag at eit utanlandsk vogntog stod midt i køyrefeltet ved Flenjabakken, like utanfor Flenjatunnelen i retning Aurland. 


Politi og bilbergar vart varsla.


Per Algrøy, operasjonsleiar i Vest politidistrikt, seier at dei fekk melding om at traileren var mørklagt og stod midt i køyrebana i ein krapp sving like utanfor tunnelen.


- Traileren er no vekke og tunnelen er opna. Sjåfør opplyser at han sjølv ringde til bilbergar, seier Algrøy.