Sidan resultatet er så jamt, vart det finteljing av røystene, skriv Firdaposten.

I folkeavstemminga har innbyggjarane svart ja eller nei til om Kinn skal oppløysast, og Vågsøy og Flora blir etablert som to separate kommunar igjen.

49,14 prosent vil halda fram med Kinn. 48,52 prosent vil dela. Skilnaden utgjer 44 røyster. Firdaposten skriv at valdeltakinga er på 52,9 prosent.

I nore del av kommunen, gamle Vågsøy, vil 57,7 prosent dela opp kommunen, mot 42,7 prosent i sør.

– Det var ein thriller, men det blei ikkje eit tydeleg råd frå innbyggarane. Men slik eg les det, er resultatet ingen marsjordre for å dela kommunen. Det er nokså delt i to med ein liten overvekt av stemmer for å halda fram, seier ordførar Ola Teigen (Ap) til Firda fredag morgon.

Han er tilhengar av å halda på Kinn kommune. Neste onsdag skal kommunestyret handsama delingssaka. Heller ikkje Høgre tykkjer dette er eit klart svar, og resultatet gjer det at det komande kommunestyremøtet blir meir spennande enn venta.

– Me tek ei avgjerd onsdag. Så må me faktisk vidare. Jobben vår er å yta gode tenester til innbyggjarane våre, seier Arlene Vågene (H) til Firdaposten.