Gå til sidens hovedinnhold

Fleire vegarbeidsprosjekt nærmar seg slutten, men du må venta litt

Går alt som planlagt er torsdag og fredag siste dagane for fleire vegprosjekt i Midtre og Indre Sogn som den siste tida har ført til venting for trafikantane.

Dette gjeld to vedlikehaldsprosjekt på riksveg 13 over Vikafjellet, vedlikehaldsarbeidet på E16 mellom Flåm og Aurland asfaltarbeidet på Fimreitevegen.

Framleis er det fleire vegprosjekt som vil halda fram ei tid, og torsdag er eit nytt prosjekt kome til. Dette gjeld på Riksveg 5 ved Hauge i Lærdal.

Her er ei oversikt frå Statens vegvesen om pågåande vegprosjekt:

E16: Flenjatunnelen – Onstadtunnelen

Manuell dirigering på grunn av vedlikehaldsarbeid i periodane: Tysdag til torsdag frå klokka 20.00 til 06.00 neste dag. Arbeidet er planlagt ferdig fredag morgon.

E16: Seltatunnelen – Borgundstunnelen

Ventetid på inntil 45 minuttar på grunn av vegarbeid i periodane: Alle dagar frå 20.00 til 06.00 (neste dag). Omkøyring via fylkesveg 630 med ledebil, maks høgde 4.4 meter og maks breidde 3 meter.

Riksveg 5: Ved Hauge i Lærdal

Ventetid på inntil 15 minutt på grunn av vedlikehaldsarbeid. Utrykkingskøyretøy kan passera.

Riksveg 13: Målsetevatnet – Skjelingavatnet, på Vikafjellet.

Ventetid på inntil 30 minuttar på grunn av asfaltarbeid i periodane: Måndag til torsdag frå 07.00 til 21.00. Utrykkingskøyretøy og rutegåande trafikk kan passera.

Riksveg 13 Storhaugtunnelen på strekninga Vinje – Vik

Kan bli stengd i periodar på inntil 30 minuttar på grunn av vedlikehaldsarbeid i periodane: Måndag frå 11:00 til 19:00. Tysdag til torsdag frå 07:00 til 19:00. Utrykkingskøyretøy kan passera. Arbeidet er planlagt ferdig torsdag kveld.

Riksveg 13 Hella – Leikanger

Kan bli stengd i periodar på inntil 15 minuttar på grunn av vegarbeid i periodane: Måndag til fredag frå 07.00 til 18:00.

Riksveg 13: Stedjebergtunnelen

Lysregulering på grunn av vegarbeid i periodane: Måndag til torsdag frå 07.00 til 19.00. Utrykkingskøyretøy og rutegåande trafikk kan passera. Ved skyting stengt inntil 15 minuttar. Maks bredde 3,5 meter.

Fylkesveg 5616: Valeberg- Fimreite

Kan bli står i periodar på inntil 30 minutt på grunn av dekklegging. Arbeidet er planlagt ferdig fredag morgon.

Fylkesveg 55: Fortun- Turtagrø

Stengd på grunn av vegarbeid i periodane: Måndag til torsdag frå 07.40 til 17.00. Utrykkingskøyretøy kan passera. Stengd frå Fortun første gong kl. 08:00. Opningstider frå Turtagrø (aust) kl. 13.40-14.40 / Opningstider frå Fortun (vest) kl. 14.00-15.00 Fri ferdsel frå Turtagrø kl. 16.40 og frå Fortun kl. 17.00. Fv5632 Øvre Årdal-Lom har fri ferdsel heile tida.

Fylkesveg 50: Hagatunnelen – Botnatunnelen

Stengd på grunn av vedlikehaldsarbeid i periodane: Måndag til onsdag frå 08.00 til 18.00. Torsdag frå 08.00 til 13.00. Utrykkingskøyretøy og rutegåande trafikk kan passera. Gjennomkøyring frå Aurlandssida klokka 11.00 og 15.00. Ledebil returnerer med kolonne frå motsett side med det same.

Fylkesveg 50: Geiteryggtunnelen

Stengd på grunn av vedlikehaldsarbeid i periodane: Alle dagar frå 22:00 til 06:00 (neste dag). Torsdag og fredag vert det også manuell dirigering av trafikken gjennom tunnelen frå klokka 09.00 til 17.00.

Kommentarer til denne saken