Fleire vegar blir nattestengde på grunn av fare for ras

Desse vegane i Indre Sogn blir stengde natt til tysdag.

DEL

Fylkesveg 5602 mellom Vangsnes og Fresvik, i Vik kommune blir nattestengt frå klokka 21.00 måndag kveld til klokka 07.00 tysdag morgon på grunn av fare for ras, melder Statens vegvesen.

Nattestengd blir også fylkesveg 55 mellom Balestrand og Dragsvik i Sogndal kommune, og fylkesveg 5600 mellom Arnafjord-Vikøyri i Vik kommune. Begge desse vegane opnar også att klokka 07.00 tysdag morgon.


Artikkeltags