UROAR: - Eg er uroa over å sjå at vi no har fleire unge under 30 år og fleire innvandrarar mellom dei ledige, seier regionleiar Grete Hagen. (Foto: Nav)

Fleire unge og innvandrarar i Sogn står utan jobb

I september var arbeidsløysa i region Sogn til saman på ein prosent av arbeidsstyrken. Det er ein auke på 41 personar i høve til september i fjor.

Publisert 28.09.2019 kl. 11.04.

Det skriv Nav i ei pressemelding.


Den sesongjusterte arbeidsløysa har auka med 13 personar frå august til september 2019.


I Hordaland er arbeidsløysa no på 2,2 prosent av arbeidsstyrken - ein nedgang på 1007 personar i høve til same tid i fjor - medan Sogn og Fjordane framleis har lågast arbeidsløyse i landet med 1,4 prosent.


Aukar

Sogn har lågast arbeidsløyse av alle regionar i Sogn og Fjordane og Hordaland. Sjølv om arbeidsmarknaden i region Sogn er stabil og arbeidsløysa er låg, har tal ledige auka med 41 personar samanlikna med same månad i fjor.  
Regionleiar i NAV Sogn, Grete Hagen, merkar seg at mellom dei 161 ledige i september utgjer ungdom under 30 år og våre nye landsmenn ei aukande gruppe.       

- Eg er uroa over å sjå at vi no har fleire unge under 30 år og fleire innvandrarar mellom dei ledige, samanlikna med same tid i fjor, seier Grete Hagen.
        

Og ho legg til: - Me veit ikkje sikkert kvifor me ser denne utviklinga og vil følgja dette tett framover. Ei forklaring kan vera at etterspurnaden etter personar med fagbrev eller annan formell kompetanse aukar i alle yrke. Det gjer at det blir stadig blir tøffare for dei som ikkje har fullført vidaregåande opplæring eller anna utdanning å koma inn på arbeidsmarknaden. Det blir viktigare og viktigare å tenkja nytt kring opplæring, og satsa meir på å kombinera teori med praksis i ordinært arbeidsliv. Eg har tru på at dette kan bidra til at fleire av dei som ikkje kan følgja eit tradisjonelt opplæringsløp får høve til å kvalifisera seg til arbeid.         


Lågast i Vik

Arbeidsløysa er rimeleg jamt fordelt mellom alle yrkesgrupper. I september er det flest ledige innan butikk- og salsarbeid (10) og helse- og omsorgsyrke (10).


Størst auke i arbeidsløysa i region Sogn finn ein i Leikanger, Aurland og Balestrand.


I Sogndal kommune er det no 52 ledige, som er 15 fleire enn i september i fjor.


I september er det høgast arbeidsløyse i Aurland (1,4 %), medan det er lågast arbeidsløyse i Vik (0,5%).  I Lærdal, Leikanger og Balestrand er arbeidsløysa på 1,2%, Sogndal har ei arbeidsløyse på 1,1 % - og i  Luster og Årdal er arbeidsløysa på 1,0%.


Arbeidsløysa i heile Norge samla, er 2,2 prosent i september.


Les meir om: Nyhende