Gå til sidens hovedinnhold

Fleire trafikkuhell på E39 – snø og slaps på vegen

Politiet melder like før klokka 08 fredag morgon om fleire trafikkuhell på Vadheimsvegen på E39.

Det er ikkje melde om personskade.

– Så langt er det kome melding om to uhell. Det er snø og slaps på vegen. Uhella har skjedd i krysset Vadheimsvegen/Bygstadvegen, skriv Vest politidistrikt.

Klokka 07.27 fekk politiet også melding om at det har vore ei trafikkulukke i Hyllestad på Fv57.

– Naudetatane er på veg til staden. Ein bil er involvert i ulukka. Bilen har køyrd ned i ei grøft og hamna på taket.

Kommentarer til denne saken