I Aurland kommune er det vegarbeid på ti stader denne veka. Tre nye har dukka opp tysdag.

E16 Hagagrovi – Hylland i Aurland: Vegarbeid, manuell dirigering og inntil 15 minuttar ventetid. Arbeidet skal vara frå tysdag 23. mai klokka 08:00 til fredag 26. mai klokka 19:00.

Fv. 50 Vassbygdi bom – Vetlebotn i Aurland: Vegarbeid og manuell dirigering mellom 08:00 og 19:00 frå 23. mai til 26. mai. Vent på leiarbil. Det er inntil 15 minuttar ventetid, men utrykkingskøyretøy kan passera etter avtale med trafikkvakt på staden.

Fv. 5623 Gudvangen ferjekai – Russeviki i Aurland: Vegarbeid og manuell dirigering. Utrykkingskøyretøy kan passera etter avtale med trafikkvakt på staden.

Det har også dukka opp éi ny vegmelding i Vik som gjeld frå onsdag 24. mai.

Rv. 13 Plassen – Vikøyri i Vik: Vegarbeid og manuell dirigering mellom 07:00 og 19:00. Gyldig til og med fredag 26. mai.

Fleire vegmeldingar finn du her: Vegarbeid og manuell dirigering i heile Sogn – her må du bu deg på venting, eller på vegvesen.no