– Som venta flata nedgangen i talet på heilt ledige i Sogn ut i juli. Vi noterer 30 færre og det er bra sett i lys av ein liten auke for fylket samla. På den svært positive sida fell talet på delvis sysselsette med nesten 200. Det betyr at mange som har vore delvis ute av jobb no er tilbake i full jobb, opplyser Sara Christine Johnsborg, leiar Nav region Sogn i ei pressemelding.

Ikkje uroa

Talet på heilt utan arbeid i Sogn er no 268 mot 398 i juni.

– Vanlegvis har me ein auke i arbeidsløysa i juli og me er såleis ikkje spesielt uroa over at nedgangen er så låg. Med unntak av Aurland (4,6 prosent) er arbeidsløysa i Sogn låg samanlikna med kommunane elles i fylket, opplyser Johnsborg.

Vestland fylke har no 4,7 prosent heilt utan arbeid. Alle kommunane får del i reduksjonen på nesten 200 delvis sysselsette frå 519 i juni til 323 ved utgangen av juli. Det syner at mange bedrifter har aukande aktivitet og tek inn att tilsette i full jobb, går det fram av meldinga frå Nav.