Fleire stengde vegar og kolonnekøyring

DEL

Status på vegar og fjellovergangar laurdag føremiddag klokka 10.45:

E16 Filefjell: Kolonnekøyring.

E39 Våtedalen, på strekninga Førde - Nordfjordeid: Stengd på grunn av snøras. Ny vurdering klokka 13.00 laurdag.

Riksveg 13 Vikafjellet: Stengd på grunn av fare for ras og uvêr. Opnar ikkje att laurdag.

Riksveg 15 Strynefjellet: Stengd på grunn av fare for ras. Ny vurdering klokka 13.00.

Riksveg 52 Hemsedalsfjellet: Kolonnekøyring.

Riksveg 50 Hol - Aurland: Stengd. Ny vurdering måndag. Det er stengd med bom mellom Nilsegard og Osebrekka. Rasa har gått ved Østerbø -Steinbergdalshytta.

Riksveg 53 Tyin - Årdal: Stengd på grunn av uvêr. Opnar ikkje att laurdag.

Riksveg 5600 Aranfjord - Vikøyri: Stengd på grunn av steinras. Ny vurdering søndag klokka 10.00.

Fylkesveg 5623 mellom Gudvangen og Bakka: Stengd på grunn av snøras. Inspeksjon laurdag.

Riksveg 5: Skei - Fjærlandstunnelen, på strekningen Skei - Sogndal: Bart og vått klokka 05.30.

Artikkeltags