Fleire stengde vegar og kolonnekøyring

STENGT: Tyin-Årdal er stengt på grunn av uvêr. Biletet syner Tyin bom klokka 06.36 i dag.

STENGT: Tyin-Årdal er stengt på grunn av uvêr. Biletet syner Tyin bom klokka 06.36 i dag. Foto:

DEL

Tyin - Årdal er stengt på grunn av uvêr og blir ikkje opna i dag, melder Vegvesenet klokka 06.38.

Vikafjellet er opent. Det er snø- og isdekke. Klokka 5.35 var det -2 grader, frisk bris og lette snøbyer.

Hol - Aurland er stengt på grunn av uvêr og blir ikkje opna i dag.

På Strynefjellet er det kolonne. Her er det vekslande tynn is- og snødekke, og det er fare for glatte parti og redusert sikt. Det er også fare for å treffa på elg. Klokka 5.35 var det - 3 grader, vestleg liten kuling, skya og snøbyer.

Filefjell er opent, men det kan verta innført kolonnekøyring på kort varsel. Det er snø- og isdekke og redusert sikt. Klokka 5.30 var det -4 grader, stiv kuling og snøbyer.

Hardangervidda er stengt på grunn av uvêr.

På Haukelifjell er det kolonne.

På Hemsedalsfjellet er det kolonne på grunn av uvêr.

SNØ: Her er Vossadal på Vikafjellet klokka 06.37 i dag.

SNØ: Her er Vossadal på Vikafjellet klokka 06.37 i dag. Foto:

Artikkeltags