STENGD: Vegen til mellom Aurlandsvangen og Skjerdal blir stengd heile dagen i samband med opprydningsarbeid etter raset sist helg. Biletet viser gardbrukar Trygve Skjerdal, og er teke i samband med steinsprang tidlegare i vår. (Arkivfoto: Arne Veum)

Fleire stengde vegar i dag

Det er tid for vårpuss i tunnelane og anna vegarbeid. Visse stader må du rekna med ventetid.

Publisert 14.06.2019 kl. 06.16. Oppdatert kl. 09.21.

 

Fylkesveg 242 Skjerdal i Aurland vert stengd mellom klokka 09 og klokka 17 i dag i samband med vegarbeid ettter raset som gjekk der sist helg.

Skal du gjennom Lærdal i dag eller i løpet av den neste veka, ver merksam på at det gårf øre seg vedlikehaldsarbeid mellom Håbakken og Borlaug,og at det er manuell dirigering mellom klokka 07 og 22 til og med neste fredag.

Det er framleis heilt stengd på fv 53 Årdal-Tyin, der det vert utførst sprengingsarbeid i samband med den nye Jåtelitunnelen. Her er ikkje vegen farbar for tida, difor kan heller ikkje utrykningskøyretøy passera.

Vegvesenet tilrår omkøyring via E16 og Lærdal, der det altså er manuell dirigering på delar av strekka.
Etter planen vert vegen opna i kveld.
Frå og med måndag 17.juni er vegen farbar, men kan stengast inntil to timar.

På strekninga mellom Årdal og Fodnes er det varsla manuell dirigering frå torsdag kveld klokka 19 til klokka 07 fredag morgon grunna vedlikehaldsarbeid og tunnellvask
Rutegåande trafikk og utrykningskøyretøy kan passera.

 
 

 

 


Manuell dirigering

På fylkesveg 55 i Luster er Røneidtunnelen framleis stengd i periodar på inntil 30 minutt mellom klokka 08 og 18 i dag. Vedlikehaldsarbeidet her vil gå føre seg fram til 27.juni.

Fylkesveg 55 ved Tussviktunnelen mellom Vadheim og Dragsvik er det også manuell dirigering og ein halvtimes ventetid mellom klokka 08 og 18 i dag. Fredag vert arbeidet avslutta klokka 15.00.
Dette vil vara ved fram til 28.juni.


Ny asfalt

På fv50 Aurland - Hol vert det asfaltert denne veka, noko som gjer at vegen kan bli stengd i inntil 30 minutt om gongen mellom klokka 07 og 2000. Dette gjeld fram til fredag kveld.

I Flenjatunnelen går arbeidet med tunnelen framleis føre seg med manuell dirigering, følgjebil og stenging på inntil 90 minuttar måndag til fredag og dessutan søndag mellom klokka 22 og 06.